Kva skjer?
Aktuelt
Utilgjengeleg heis i Holmatunet
I veke 3 (12. – 16.- januar) startar ei planlagt oppgradering av heisen i Holmatunet. Arbeidet er venta å være i tre til fire veker.
Les meirTid til ti i 2025!
Norsk Forfatterforening, med mange fleire, oppmodar deg til å ta deg tid til ti minutts lesing kvar dag i 2025. Plukk opp boka og les i ti minutt i staden for å skrolle. Høyres det lite ut? Neida! Som med all anna trening, er staheit og repetisjon den viktigaste nøkkelen. Dei ti minuttane du brukar … Tid til ti i 2025!
Les meirForbodne bøker- veka 2025
Ole Brumm, Sangen om den røde rubin, Brødrene Løvehjerte, Doctor Zhivago og Anne Franks dagbok. Kva har desse bøkene til felles? Dei har alle, ein eller stad i verda, vorte forbodne. 6.-12. oktober markerer me Forbodne bøker-veka i biblioteket.
Les meirBli lånar
Alle med fast adresse i Noreg kan få gratis lånekort på biblioteket. Du kan registrera deg på nett eller få hjelp på biblioteket. Klikk deg inn og les meir om korleis du blir lånar.
Digitale tenester
Biblioteket har eit stort utval av digitale tenester, som er gratis å nytte seg av. Klikk deg inn og les meir om våre ulike digitale tenester.
Språkkaféane startar opp att 12. januar
Velkommen til språkkafé på biblioteket! Treng du ein stad å øve på å snakke norsk? Kan du litt norsk og ynskjer å bli betre? Ynskjer du å møte nye mennesker og bli kjent med Noreg og Sogndal? Då er dette noko for deg! Om du kunne tenke deg å bidra som frivillig språkvert og møte nye menneske og hjelpe andre i å bli sterkare i norsk er du velkommen til å bli med! Kvar måndag kl. 17 og tysdag kl. 12.





